onsdag 24. september 2025

HAUGESUND OG OMEGN

Turen til Haugesund/Stavanger var ikkje berre "raka vegen".  Tryllekunstnaren av ein sjåfør losa oss gjennom smale og trange bygater i Bergen, til utkiksplassar og severdigheiter i området rundt Haugesund og til Skudesneshavn.  Mange av oss hadde ikkje vore på desse stadane før så augene jobba på høggir heile vegen for å få med seg alt vi for forbi.  God mat er og ein viktig del av ein slik tur og både magen og augene fekk forlyste seg på nydeleg servering over alt der vi for fram.  Eg tykkjer det er spanande å forevige ein del av det vi får servert, så eg legg og ved litt bilder av menyane.  Vi var og innom Revmatismesykehuset i Hugesund der vi hadde omvisning og foredrag av direktøren Kari Nådland og fekk servert ein velsmakande lunsj.  Her kjem ein bildeserie av litt av det eg greidde å feste på bildebrikka undervegs.




































 




























torsdag 18. september 2025

FLOR & FJÆRE

Det er allereide gått tre veker sidan Kjølsdalen sanitetsforening arrangerte busstur til Stavanger og båttur til Flor & Fjære.  Denne vesle øya har etterkvart blitt berømt over heile landet og vel så det  for sine fantastiske hageanlegg.  Det var difor ein spent og reiseklar flokk på nesten 50 personar frå Ytre Nordfjord og Søre Sunnmøre som gjekk ombord i bussen etterkvart som han køyrde innover fjorden.  Ein del av fylgjet hadde kanskje vore på Flor & Fjære før, men for dei aller fleste var det fyrste gongen vi var på dei kantar.  Den stødige sjåføren frakta oss sikkert nedigjennom fylket på plassar ein del av oss ikkje hadde vore før så det var god underhaldning å fylgje med på reiseruta.  Vi fekk og sjå mykje av Vestlandet frå innsida, for eg kan ikkje hugse at eg har køyrt i så mange tunnellar i løpet av ein tur før.  Overnattinga var på Quality Hotel Haugesund som diska opp med den flottaste frokosten vi hadde sett.  Turen ut til Flor og Fjære gjekk med båt frå Stavanger sentrum og den tok ca. 15-20 minutt. Det var eit overveldande syn som møtte oss med same vi sette foten på kaia.  Maken til blomster og plantehav er det vel ingen av oss som har sett før utan å ha vore på Flor og Fjære før. Eg vil ikkje eingong prøve å beskrive det vi fekk sjå på guidinga på øya.  Eg er rett og slett mållaus.  For ein hageinteressert hobbyfotograf kunne det bli i meste laget av inntrykk på så kort tid.  Eg vil ikkje gå i detaljar, berre vise til bilda og la dei tale sitt eige språk.  Vi fekk og servert nydelig middag i "drivhuset" og det var tydeleg at det var ikkje berre blomster og plantar som var på stell.  Serveringa gjekk føre seg med militær presisjon.  Tilbaketuren gjekk veldig greit og alle var mette av inntrykk etter lang og innhaldsrik dag.  Eg vil dele opp turen i fleire innlegg med bilder, så dette innlegget dreiar seg mest om det vi fekk sjå utandørs på Flor&Fjære.