mandag 23. april 2012

Tur

Har du nokon gong tenkt over kva ein tur eigentleg er.  I mine auge kan ein tur være ein tur til postkassa, Amerika eller ein tur på butikken.  No er det ytterst sjeldan at eg tek med kameraet på tur  til postkassa eller butikken, men ellers er det stort sett med heile tida.  Sist søndag var eg ein tur Skaugsetmarka for å sjekke framdrifta med skogsvegen, og den nærmar seg fundamenta for spennet over Honindalsvatnet med stormskritt. På same turen gjekk vegen innom eit gamalt kværnhus som eg aldri har vore innom før, og det måtte sjølvsagt forevigast.  Til slutt måtte eg ha med solnedgongen vestover Hornindalsvatnet.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar