søndag 29. april 2012

Rognes

Noko av det artigaste eg veit er å gå på oppdagingsferd på stader eg ikkje har vore før, og eg treng ikkje reise langt for å finne for meg uoppdaga reisemål.  Ein av dei stadane er ein skogsveg på Rognes som eg har køyrt forbi i mange år, men aldri har gått før i dag.  Om opplevingane ikkje akkurat står i kø på ein slik tur, er våren i fineværet med hjort som plutseleg spring over vegen, og knoppar som sprett ut meir enn nok for meg.  Her kjem noko av dagens fangst:










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar