torsdag 3. mai 2012

Humle

Har du nokon gong prøvt å fotografere humler i arbeidstida?  Det prøvde eg  på 1.mai, og fann ut at humlene lar seg ikkje påvirke av noko anna enn jobben med å fyke frå blomst til blomst.  Og dei gir seg katten i om du stikk macrolinsa heilt opp i snabelen på dei for å få så gode nærbilder som mogeleg.  Problemet er at dei er aldri i ro, og med eit skarpheitsområde på nokre få millimeter er det ei utfordring med fokus.  Etter ganske mange forsøk fekk eg i alle fall nokre få nokolunde brukbare.




Og når du endeleg trur du har funne fokus, så snur dei berre den breide baken til deg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar