søndag 10. mai 2015

Måseportrett

Det er mange som tykkjer at måsane er nokre innpåslitande og stygge skapningar.  Rett nok kan dei være litt irriterande og bråkete av og til og spesiellt i hekketida, likevel tykkjer eg at dei er både vakre og elegante fuglar.  Under ørnesafariet på Smøla forrige helg fekk vi rikeleg høve til å trene på å "skyte" måsar som vart fora med brød av dei fantastiske guidane våre.  Ein flokk på 10-20 måsar var heile tida over og rundt båten, noko som gav oss ypperleg trening med kamera mellom kvar gong vi såg ørn.  Her kjem nokre av måsebilda mine, og eg held fast på at det er fine fuglar.




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar