søndag 3. mai 2015

Ørnesafari på Smøla

Denne helga har ein liten gjeng frå Nordfjord fotoklubb vore på ørnesafari på Smøla.  Vi reiste oppover fredag morgon, og kom igjen no søndag kveld.  Det vart ei innhaldsrik og spanande helg med mykje fotografering.  Vi var to turar ut i båt med ørneguide, fredag kveld og grytidlig laurdags morgon.  Fredag var det fantastiske forhold med mykje ørn og nydeleg lys, laurdag var det tyngre vær, isande kaldt (frose på bilen då vi for ut kl 05) og ørnene var ikkje heilt ihuga på så tidleg frokost.  Likevel vart det fantastiske dagar med mykje bilder, eg sjølv hadde for ein gong skuld feil innstilling på bildekvaliteten på kamera fredag og "ødela" alle ørnebilda mine.  Tilsynelatande ser dei nokolunde ut, men kunne vore mykje betre.  Ein dyr lærepenge.  Vi køyrde og rundt omkring på øya og ikkje minst ut til Veidholmen, ein utruleg flott plass med tett  i tett med flotte spanande hus og fotomotiv i fleng.  I fyrste omgang blir det "berre" ørnebilder eg legg ut, men det kjem fleire bilder frå turen etterkvart.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar