torsdag 21. september 2017

Hoven

Hoven i Loen er vel blitt årets store trekkplaster i Nordfjord og både folk frå distriket og langvegsfarande turistar har strøyma til den populære taubana og restauranten på toppen.  For ei veke sidan var vi fire familiemedlemmar som debuterte i den store turistattraksjonen.  For min eigen del var det med skrekkblanda fryd eg drog innover i fjorden.  Med ein god porsjon høgdeskrekk og nesten tilsvarande klaustrofobi  i hovudet er det ei utfordring å gå inn i ein blikkboks som svevar 200 meter over bakken.  Eg har snakka med mange som har følgt bana i sommar og haust, og alle har trøsta meg med at ditta kjem til å gå bra.  Og det gjorde det.  Litt sug i magen var det då vi for utfor kanten på toppen på nedturen, men for ei oppleving!  Sjølv om det var både skodde og regn  var det ein heilt eineståande tur.  Har du enno ikkje vore der vil eg anbefale turen på det varmaste, men pass på å være svolten når du kjem opp, maten var verdt turen åleine og vel så det.  Her kjem ein liten bildeserie frå debut turen til Hoven.  Det vil heilt sikkert bli fleire, forhåpenligvis med litt betre vær. Ein amatørfotograf som meg har forøvrig aldri problem med å finne motiv uansett forhold.















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar