Sist søndag tok vi ein tur inn til Sagedammen på Ulvedal på Nordsida og fekk med oss ein storarta konsert under kulturdagane der. Eg må berre innrømme det, men eg tykkjer amfiet, scena og kulissane rundt Sagedammen er noko av det mest idylliske eg veit om.
Når i tillegg underhaldninga var så variert og av ein slik kvalitet var det berre ei fryd å sitje på tilhøyrarbenken. For ein fotograf var motiva og i særklasse, og når rømegrauten og spekematen var av beste kvalitet kunne ikkje ettermiddagen vore nytta betre.
Eg vil ikkje gje meg ut på å kommentere nokon av enkeltinnslaga, men let bilda tale sitt eige språk.
Fine bilder og tekst !
SvarSlettTakk for titten :-)