tirsdag 21. mai 2019

Cruiseturist på heimebane

For fyrste gong i historia la ein cuisebåt til kai på Nordfjordeid.  I den anledning brukte Liv og eg dagen på å være cruiseturistar på heimebane. Det var ei nærast sydlandsk stemning i heile sentrum, og det var berre smil, latter og fornøgde fjes overalt. Med spegelreflekskameraet på magen var det ikkje vanskeleg å gli inn blant turistane. Den einaste skilnaden var at vi trefte kjentfolk overalt.  
På flytebrygga i småbåthavna trefte vi på ei av dei tyske turistane frå Aida Perla, og då måtte eg fram med dei glosene eg hugsa frå Eid realskule frå slutten av 60 talet.  Den tyske turisten vår var kjempebegeistra for Eid og den flotte naturen, og vi sparte ikkje akkurat på konfekten over alt Eid og omegn har å by på.
Alt i alt ein fantastisk vellukka dag på Nordfjordeid, her er det berre å stå på vidare.  Her kjem nokre små glimt frå dagen av ein cruiseturist på heimebane.


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar