onsdag 1. mai 2019

Dåp av Myklebustskipet

I det strålande vårværet vart det ein storslagen dåpsfest for Myklebustskipet sist søndag.  Publikum i hopetall stod tett i tett på seawalken, dampskipskaia og den nye parkeringsplassen i småbåthavna.  Kultur og likestillingsminister Trine Skei Grande var gudmor og stod for den offesielle dåpseremonien.  Ho kasta øl i alle himmelretningar før ho drakk av ølbollen og ynskte Myklebustskipet og mannskapet hell og lukke på alle hav.  Deretter var det tid for den fyrste offesielle roturen, og det var tydeleg at mannskapet kosa seg ombord der dei tok fleire rundar langs strandpromenaden og indre havn.  Her kjem min bildeserie frå dåpsdagen.






























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar