Seinhausten er ei fint tid for å arrangere korkafe, og i ettermiddag arrangerte Stårheim Songlag korkafe i ungdomshuset Aldaheim i Olden. Det lokale koret , Olden Singers, var og med på underhaldninga og det vart ein triveleg ettermiddag med mykje fin korsong og musikk av det medbragte orkesteret Tastamentet. Som vanleg var det og årelotteri, kaffi og mykje gode kaker og drøsen gjekk livleg rundt borda. Her kjem ein bildeserie av noko av det eg fekk festa på minnebrikka. Stor takk og til min medfotograf Ingegjerd Heggen som fleire gonger har gitt meg ei hjelpande hand med kameraet.
mandag 11. november 2013
lørdag 9. november 2013
Kulturnatt 2013
Den endelause rekka av fantastiske framføringar i Operahuset og Gymmen held fram. I går kveld var det kulturnatt og det vi fekk servert var eit variert og flott program med eit utruleg nivå i alle deler. Eg vil ikkje gje meg ut på å gje karakterar eller framheve nokon spesiellt, men vil berre meddele at eg storkosa meg som vanleg og prøvde å fange opp noko av det som skjedde med kameralinsa. Her kjem eit lite utval av bilder frå kulturnatt 2013.
søndag 3. november 2013
Flaggermusen
Årets oppsetting i operahuset var operetta Flaggermusen, og den er gått over i historia for lenge sidan. Eg er så heldig at eg har mange hundre bilder frå forestillinga og kan sjå den omatt når eg vil, og det har eg gjort mange gonger. Prestasjonane til dei involverte var berre heilt enorm, og det er nesten vanskeleg å fatte at ein kan få til noko slikt på ein liten plass som Eid. Det virkar likevel slik at inga oppgåve er umogeleg, og alt blir gjennomført til toppkarakter. Å velge ut bilder frå ei slik forestilling er ingen lett jobb, og denne gongen har eg nærmast berre plukka eit tilfeldig utval av arkivet. Det kan vel og hende at eg kjem til å legge ut fleire bilder seinare. Her er i alle fall eit lite knippe.

lørdag 2. november 2013
Ein liten kveldstur
Noko av det kjekkaste Liv og eg veit er å dra på småturar rundt om i nærmiljøet og sjølvsagt med kamera dersom det skulle dukke opp fine motiv. Og det gjer det nesten bestandig. I sommar var vi på ein plass ved Hornindalsvatnet vi ikkje hadde vore før, nemleg ved elveosen i Kjøs. Gamle slåttemarker, eit naust, ein båt og fossefall kan være fine motiv, og er nærmast tidlause. Sjølv om det no er fleire månader sidan er det vel ikkje forseint å dele desse bilda med andre.

Abonner på:
Innlegg (Atom)