søndag 3. november 2013

Flaggermusen

Årets oppsetting i operahuset var operetta Flaggermusen, og den er gått over i historia for lenge sidan.  Eg er så heldig at eg har mange hundre bilder frå forestillinga og kan sjå den omatt når eg vil, og det har eg gjort mange gonger.  Prestasjonane til dei involverte var berre heilt enorm, og det er nesten vanskeleg å fatte at ein kan få til noko slikt på ein liten plass som Eid.  Det virkar likevel slik at inga oppgåve er umogeleg, og alt blir gjennomført til toppkarakter.  Å velge ut bilder frå ei slik forestilling er ingen lett jobb, og denne gongen har eg nærmast berre plukka eit tilfeldig utval av arkivet.  Det kan vel og hende at eg kjem til å legge ut fleire bilder seinare. Her er i alle fall eit lite knippe.




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar