søndag 17. november 2013

KORK

I fleire veker og månader har eg gått og gleda meg til denne kvelden, og sikkert mange med meg.  Stunda var endeleg komen då Kringkastingsorkesteret skulle halde konsert i Operahuset.  Og for ein konsert det vart.  Ein og ein halv time med fantastisk vellyd og eit trøkk som grov seg inn i sjela på tilhøyrarane i den fullssette salen.  Når og då fylket stilte på med det beste som er av både garva  og  nye talent av songarar og musikarar var det duka for ein eventyrleg konsert.  Eg vil ikkje gje meg ut på å kommentere alle innslaga eller alle musikarane, men må berre innrømme at då du Sigrid Moldestad stod på scena og song Samuline Seljeset med Norges mesk kjende symfoniorkester i ryggen hadde eg ei av mine livs største musikalske opplevingar.  Du har ei formidlingsevne og ei  innleving i den fantastiske musikken din som er heilt unik og eg trur det var mange med meg som hadde både klump i halsen og tårer i augekroken.
Eg skulle veldig gjerne hatt bilde av heile det fantastiske orkesteret, men det var umogeleg å få til frå min plass på fyrste rad.  Her kjem no likevel ein bildeserie frå det som skjedde heilt framme på scena.
























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar