søndag 17. november 2013

Ras


Fredag kveld gjekk det eit stort jord og steinras i Skredestranda mellom Breisvortunellen og Skrede.  Vi kan sjå raset frå stoveglaset heime og i kikkerten såg vi at raset hadde starta ovanfor skoggrensa og teke med seg ei mengd jord og skog ned en stupbratte fjellsida. Nede på riksveg 15 hadde det auka til rundt 300 meter bredde og gått rett i Hornindalsvatnet.  For nokre år sidan gjekk der eit stort snøras på same staden og tok med seg mykje skog og jord, så no er all skogen borte i heile breidda av raset.  Vi som bur attmed Hornindalsvatnet har alltid vore van med at det gjekk ras i Skredestranda, men heldigvis bur vi på rette sida av rasområdet.  Største spaninga då vi gjekk på skule når det var fare for snøras var om bussen kom seg igjennom.  Eg kan likevel ikkje hugse at det gjekk ras av slike dimensjonar som no.   Der er eit mindre ras eit stykke vestanfor det store, men her er det "berre" ei elv som har renska vekk all jord og stein ned på fjellet, og her er eine køyrebana rydda.  Det er likevel gjort ein god del skade på vegskuldra nedanfor vegen så her og blir det ein del reparasjonarbeid.  Eg hadde ei lita "synfaring på rasområda i ettermiddag, og her er ein liten bilderapport.








 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar