Noko av det kjekkaste Liv og eg veit er å dra på småturar rundt om i nærmiljøet og sjølvsagt med kamera dersom det skulle dukke opp fine motiv. Og det gjer det nesten bestandig. I sommar var vi på ein plass ved Hornindalsvatnet vi ikkje hadde vore før, nemleg ved elveosen i Kjøs. Gamle slåttemarker, eit naust, ein båt og fossefall kan være fine motiv, og er nærmast tidlause. Sjølv om det no er fleire månader sidan er det vel ikkje forseint å dele desse bilda med andre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar