lørdag 9. november 2013

Kulturnatt 2013

Den endelause rekka av fantastiske framføringar i Operahuset og Gymmen held fram.  I går kveld var det kulturnatt og det vi fekk servert var eit variert og flott program med eit utruleg nivå i alle deler.  Eg vil ikkje gje meg ut på å gje karakterar eller framheve nokon spesiellt, men vil berre meddele at eg storkosa meg som vanleg og prøvde å fange opp noko av det som skjedde med kameralinsa.  Her kjem eit lite utval av bilder frå kulturnatt 2013.























søndag 3. november 2013

Flaggermusen

Årets oppsetting i operahuset var operetta Flaggermusen, og den er gått over i historia for lenge sidan.  Eg er så heldig at eg har mange hundre bilder frå forestillinga og kan sjå den omatt når eg vil, og det har eg gjort mange gonger.  Prestasjonane til dei involverte var berre heilt enorm, og det er nesten vanskeleg å fatte at ein kan få til noko slikt på ein liten plass som Eid.  Det virkar likevel slik at inga oppgåve er umogeleg, og alt blir gjennomført til toppkarakter.  Å velge ut bilder frå ei slik forestilling er ingen lett jobb, og denne gongen har eg nærmast berre plukka eit tilfeldig utval av arkivet.  Det kan vel og hende at eg kjem til å legge ut fleire bilder seinare. Her er i alle fall eit lite knippe.




















lørdag 2. november 2013

Ein liten kveldstur

Noko av det kjekkaste Liv og eg veit er å dra på småturar rundt om i nærmiljøet og sjølvsagt med kamera dersom det skulle dukke opp fine motiv.  Og det gjer det nesten bestandig.  I sommar var vi på ein plass ved Hornindalsvatnet vi ikkje hadde vore før, nemleg ved elveosen i Kjøs.  Gamle slåttemarker, eit naust, ein båt og fossefall kan være fine motiv, og er nærmast tidlause.  Sjølv om det no er fleire månader sidan er det vel ikkje forseint å dele desse bilda med andre.

 







torsdag 31. oktober 2013


Nøtteknekkaren

No er det over to månader sidan eg blogga sist, og det er altfor lenge.  Grunnen er at det er blitt veldig mykje fotografering og lite tid til redigering og blogging.  Det skal eg prøve å rette oppatt no framover.  Det er allereide fleire veker sidan dei fantastiske opera og ballett dagane gjekk av stabelen i operahuset, og eg var sjølvsagt til stades på fleire av dei.  Det var eit stort eventyr heile greia, og eg må innrømme at balletten Nøtteknekkaren er noko av det mest fantasiske eg har sett på ei scene.  Det var heilt umogeleg å få med seg alle situasjonane og aktørane på scena sjølv om eg prøvde det eg kunne.  Likevel vart det no ein del brukbare bilder som eg vil dele med deg dersom du har tid til å setje deg ned ei lita stund.  Her kjem eit bittelite utval frå arkivet mitt.