søndag 2. juni 2013

Heialeikane

Fridrett var i mange år min største hobby, og då eg såg annonnse om at Heialeikane i friidrett skulle gå av stabelen på Hjelle skule sist torsdag, klarte eg ikkje å dy meg men måtte ta ein tur med kamera.  Og dette var friidrettsleik i ordets rette betydning.  Ein stor flokk ungar med fri utfolding i lengde, høgde, kule og 40 m der resultata  målt etter cirkametoden var av underordna betydning.  Her hadde kvar enkelt sine stilartar og metodar på å kome over lista eller få kula lengst mogleg fram på bana. Alvoret og millimeterpresisjonen kjem tidsnok inn i idretten, så det er viktig at ungane får leike seg og ha det moro.  Det var og ein heil flokk foreldre som hadde møtt fram både som funksjonærar og publikum og alle kosa seg i det perfekte stemneværet.  Her kjem nokre glimt frå Heialeikane 2013.



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar