mandag 10. juni 2013

Kulturskuleavslutning 2013

Sist torsdag hadde kulturskulen i Eid avslutningskonsert i operahuset og eg kunne ikkje dy meg men måtte ta ein tur.  Og det angra eg ikkje på. Eg har etterkvart fått med meg relativt mange forestillingar av kulturskulen, men eg sluttar aldri å undre meg over prestasjonane til elevane i godt samarbeid med lærarane.  Kveldens høgdepunkt var vel utdelinga av draumestipendet til Oddhild Nyberg.  Det er så vel fortent, og ho er vel eit godt bevis på at dersom ein vil nok, kjem ein utruleg langt.  Gratulere Oddhild, og lukke til vidare med karriera.  Her kjem nokre små glimt frå forestillinga.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar