fredag 17. april 2015

Good evening Nordfjordeid

Etter tre månader med frustrasjon og bloggtørke, har eg endeleg fått bloggen opp og gå igjen.  Eg kunne skrive ei heil avhandling om PC en som fekk eit ublidt møte med golvet, ny PC med oppdatering av program og nye passord og eit sabla strev med å logg meg inn på bloggen.  No har eg endeleg fått det til, og den fungerar faktisk betre enn nokon gong, så det går framover.  Eg kjem likevel aldri til å slutte å undre meg over  dataalderens utrulege og kompliserte krokvegar som blir berre verre og verre ettersom tida går.  Nok om det, eg er på bloggern igjen, og har tenkt no i denne omgang å legge ut en del bilder som eg tidligare har lagt ut på Facebook.  Det er ikkje alle som har mogelegheit til å sjå bilda der, så difor blir dei same bilda lagt ut her på bloggen.
Fyrst ut er bilda frå årets russerevy, Good evening Nordfjordeid, ei strålande forestilling av elevane på Eid vidaregåande skule.  Eg seier ikkje meir, bedøm sjølv.








































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar