fredag 24. april 2015

Hjørundfjorden

Er du av den typen som set deg i bilen og hastar avstad for å kome fortast mogeleg frå A til B går du glipp av mange naturperler rundt om i distriktet.  Ei av desse perlene er Hjørundfjorden på Sunnmøre. Vi har mange gonger teke turen til desse små grendene som klorar seg fast i dalar og på nes blant stupbratte fjell som reiser seg nesten loddrett opp frå fjorden til 14-1500 meters høgde.  Seinast sist søndag var vi ein fin tur til Viddal og gjekk anleggsvegen opp til det nye kraftverket oppe i dalen.  Vi la spesiellt merke til at arkitekturen på det nye betongbygget stod i stil med fjelltoppane ikring.  I fjor sommar var vi og til Bjørke og det fantastiske Bakketunet, som er det eldste og best bevarte tunet på Sunnmøre og er heilt frå 1549.  Her er det utstillingar og aktivitet heile sommaren.   Ein av grunnane til at vi la turen dit var at "vår eigen" fantastiske kunstnar Kathrine Berg hadde utstilling der i dei flotte lokala til  primus motor bak Bakketunet, Marita Bett Aakre.  Både Bakketunet og heile området rundt er absolutt verdt eit besøk, og det blir garantert ikkje siste gongen vi tek turen opp dit.  Bilda er frå begge turane.


















1 kommentar: