For fjerde året på rad tok eg turen til Volda for å få med meg Longboardkonkurransen under ekstremsportveka der. Eg har ikkje eingong gjort forsøk på å få oversikt over alle arrangementa som går av stabelen rundt om i distriktet, men det er i alle fall hektisk aktivitet både på bakken og lufta. Det var noko ferre deltakarar blant dei som kjem susande i svimlande fart ned gjennom byggefeltet på ei fjøl med hjul på, men det var likevel ei god "treningsøkt" med kameraet. Det er alltid ei utfordring og fange motiv som er i rørsle, og til større fart til verre er det. Her kjem noko av dagens fangst, og fleire blir det etterkvart som eg har fått redigert dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar