søndag 10. mars 2013

Hendanes fyr og Kannesteinen

Liv og eg har siste dagane gått med planer om ein tur til ytre Nordfjord, der målet var Hendanes fyr og Kannesteinen.  I dag vart planane realiserte, og sjølv om det var litt kald vind til tider var vinterværet det mest fantastiske ein kunne tenkje seg.  Har du ikkje vore ut til Hendanes fyr er det absolutt ein tur å anbefale.  Ifrå Færestrand går der ein fint oppmura sti heilt fram til fyret, og sjølv om rekkverk manglar på ein del plassar er det ikkje noko problem dersom du ikkje er plaga av akutt høgdeskrekk.  Sjølve bygningane på fyret har nok sett sine beste dagar, men utsikta derifrå er berre formidabel.  Kannesteinen viste seg  frå si aller beste side med bylgjeskvulp over svaberga og solnedgong i havet. Det er ikkje rart at Kannesteinen er ein av Vågsøy sine fremste turistattraksjonar.  Her kjem nokre små glimt frå turen.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar