søndag 24. mars 2013

Palmenatt

Etter å ha avslutta longboardfotograferinga gjekk turen innover Austefjorden mot Hornindal og heim igjen.  I eit eventyrleg vintervær med nesten fullmåne, fullstendig blikkstille og nesten ingen trafikk var det ein fantastisk tur der lyden av eit og anna nattevandrande dyr og isen som sprakk opp det einaste som braut stilla.  Her kjem nokre nattbilder frå Austefjorden og Hornindalsvatnet.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar