mandag 25. mars 2013

Skitur på Hornindalsvatnet

Det har vore ein kald vinter med myke frost og is, og det set sitt preg på isen på Hornindalsvatnet.  Sesongen for skeiselaup er for lengst over på grunn av dårlege forhold, men for skøyting på ski derimot er det fantastiske forhold.   Etter å ha sjekke isen for sikkerhets skuld med isbor og funne ut at den er 50 cm tjukk ( har auka med 10 cm på 14 dagar) og med eit 5 cm fint skarelag oppå isen var det berre å legge i veg på lånte skøyteski.  Teknikken og kondisjonen var no så som så, men tenk, ikkje ein einaste motbakke!  Det var mange fleire som i dag hadde funne fram skia og tok seg ein tur på vatnet og vi som har levt nokre tiår fann ut at maken til forhold hadde vi aldri sett.  Folket i Nesbygda fornektar seg heller ikkje når det er fint vær og fine forhold på isen, då dukkar det fram både bjørkeved, pølsegrill og bålpanne og det var ein heil gjeng som kosa seg skikkeleg i det strålande været.  Beklagar Harpefossen, Stigedalen og Holmøyskarrennet,  når det er slike forhold kvart 50. år på Hornindalvatnet går vi på heimebane.  Her kjem ein liten bilderapport frå palmesøndag på Europas djupaste innsjø med lok på.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar