søndag 3. mars 2013

Vinter

Det har vore smått med fotografering dei siste vekene, og grunnen til det er at helgane går med til å fylgje med på VM sendingar på ski og skiskyting, men i dag var det "heldigvis" slutt for denne gongen.  Eg måtte berre ha ein liten tur i ettermiddag med kameraet rundt halsen og "gå meg ned" etter 5 mila.  Motiva står ikkje akkurat i kø ein litt sur vinterdag, men kameraet er alltid med fordi eg har "brent" meg nokre gonger med fantastiske motiv og kameraet lagt igjen heime. Her kjem nokre smakebitar på det eg fekk med meg på min vesle rusletur.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar