tirsdag 30. januar 2024

NØTTEKNEKKAREN

I helga gjekk balletten Nøtteknekkaren av stabelen i Operahuset med to fullsatte tribuner på laurdag og søndag.  Det er andre gong Ballettskulen i Volda og Ørsta tek turen til Eid og Operahuset for å vise fram denne balletten av Peter Tsjajkovskij.  Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda stod for musikken og vår eigen Michael Pavelich hadde fast hand om dirigentstokken.  Det vart ei eventyrleg forestilling.  Eg må innrømme at ballettdans har eg absolutt ingen greie på og heller ikkje vore i nærleiken av å prøve.  Difor skal eg ikkje kome med noko lang utgreiing om detaljane på det som gjekk føre seg på scena.  Likevel må eg innrømme at ballett er noko av det flottaste eg ser, og eg kan berre ane ørlite om kva enorm innsats og arbeid som ligg bak ein slik produkjson.  Tusenvis av timar med øving og terping, kostymesying, planlegging osb.  Ein må ha vore midt opp i det sjølv for å skjøne kor mykje arbeid det er.  Eg bøyer meg i støvet og hatten for dei som står bak dette kjempeprosjektet, det dåkke gjer har enorm betydning for dei unge som får anledning til å være med og det blir sådd ei interesse som med mange varer livet ut og tek med seg til seinare generasjonar.  Som mangeårig hobbyfotograf med kultur som ei av hovudinteressene er ballett noko av dei flottaste motiva eg veit om.  Oppdressa born i stilige kostymar og kjolar, spente levande barnefjes,  elegante dansarar som svevar over golvet i flotte skjørt og fargerike drakter.  Det er rett ei sareptas krukke i motiv for ein ivrig amatørfotograf som etter beste evne prøvar å fange det som skjer med hjelp av kamera.  Når vi som vanleg har vår supre lysmester Ovar Holmen til å styre knappar og knottar kan ein fotograf ikkje ha det betre.  Eg prøvar etter beste evne å begrense mengda bilder på ei slik forestilling, men klarer som vanleg aldri å styre meg.  Slik også denne gongen.  Her kjem bildeserien min frå Nøtteknekkaren.