søndag 23. april 2017

Skog i snø

God og mett av glohopper tykte eg det var litt tidleg å gå ned att, og vandra difor vidare på skogsvegen.  Snøkleksene dala ned i store flak, og innbaud ikkje akkurat til så mykje fotografering.   Men når ein går der åleine og spekulerar og let fantasien vandre så dukkar liksom motiva opp av seg sjølv og innbyd til leik med kameravinklar og innstillingar.  Det er sikkert ikkje mange som tykkjer at blaute snøflukser i granskog er noko å spandere bilder på, men eg hadde ein fin tur og var god fornøgd med dagen.






Nonsmat på Gildra

I går fann eg ut at i staden for å sitje inne og ete, så ville eg ta med meg nonsmaten på fjelltur.  Valget av tur vart Gildra, ein fantastisk flott tillaga plass i skogen ovanfor Hjelle.  Eg vil nytte anledninga til å skryte av dei som står bak dette flotte tiltaket, her er lagt ned mykje godt dugnadsarbeid som er til glede for heile bygda.  
Nonsmaten eg hadde med meg var ikkje tilfeldig valgt heller.  Eg var innom Minibakeriet tidligare på dag og kjøpte med meg natronkaker laga av Helene Hjelle.  Navnet som eg brukar på godsakene er glohopper, og det har vore ein av livrettane mine i rundt 60 år.  Dei er faktisk så gode at eg et dei utan noko oppå for ikkje å øydelegge den gode smaken.
Namnet glohoppe trur eg skriv seg frå då dei steikte dei på vedomn og klaska deigen på utsida av omnen og når dei var ferdige så hoppa dei ned.  Forøvrig så gjekk eg under tak under måltidet.





lørdag 15. april 2017

Turist på heimebane

Eg har budd i Eid i over 60 år, men har aldri gått kulturløypa frå Sagaparken  til Lunden før no på tirsdag.  Riktignok har eg gått både i Eidsgata, Tverrgata og Myklebusttunet, men aldri med guide som ein turist. Derimot har eg aldri vore opp på Rundehaugen, Skjoratippen og Lunden før, og det var ei oppleving i seg sjølv.  Riktignok gjekk ruta forbi Skjoratippen, så den ekspedisjonen har eg tilgode til ein annan gong.  Kan hende eg skal prøve å finne fram på eiga hand.  Tusen hjarteleg takk skal i alle fall du Janne ha for levande og interessant guiding og som historiefortellar,  du er som klypt ut av historiebøkene.
Ferda var imidlertid ikkje slutt med dette.  Etter turen til Lunden fekk eg endeleg ta vikingskipet som er under bygging i nærare augesyn.  Eit imponerande skue, og med Agnar Kragset som stødig og levande forteljar om korleis byggeprosessen gjekk føre seg vart det ein svært interessant time.
Ferda gjekk så opp i operahuset og påsketreffet som vart arrangert der med mange interessante stands og mykje folk som vanleg.
Dagen var runda av med Malakoff artistslepp i Gymmen og konsert med bandet Pil & Bue.
Eg må innrømme at eg er imponert over og svært nøgd med kva eg fekk med meg i løpet av nokre ettermiddagstimar i kulturlandsbyen Nordfjordeid.
Her kjem ein liten bildeserie  over mine opplevingar som turist på heimebane. 



























søndag 2. april 2017

Sjø-sprøyt

Denne vinteren har vore prega av fantastisk og variert underhaldning av lokale aktørar frå scena i operahuset.  Eg har ikkje oversikt over alt, men nemner her musikalen til Eid Ungdomskule, Russerevy, Musikalen til Eid Vidaregåande skule og ikkje minst Eid Mannskor sin ramsalte revy i helga.  Vi som bur i Eid og omegn er priviligerte som kan boltre oss i variert underhaldning i alle kategoriar av aktørar i alle aldrar.  Det vi ikkje må gløyme er dei tusenvis av timar som blir lagt ned i øving og førebuing av dei innvolverte på scena,  bak scena, i garderober og syrom, lyd lys og alt som høyrer til.  Alt ser så sjølvsagt ut når ein sit i godstolen i salen, kosar seg og nyt det som blir framført, men ein ting er sikkert, det kjem ikkje av seg sjølv.   Tusen hjarteleg takk til alle ihop for strålande innsats, all applausen er vel fortent.  Eg sjølv tørka lattertårer lenge etter at eg kom heim fredag kveld.  Her kjem bildeserien min frå Sjø-sprøyt.