torsdag 31. oktober 2013


Nøtteknekkaren

No er det over to månader sidan eg blogga sist, og det er altfor lenge.  Grunnen er at det er blitt veldig mykje fotografering og lite tid til redigering og blogging.  Det skal eg prøve å rette oppatt no framover.  Det er allereide fleire veker sidan dei fantastiske opera og ballett dagane gjekk av stabelen i operahuset, og eg var sjølvsagt til stades på fleire av dei.  Det var eit stort eventyr heile greia, og eg må innrømme at balletten Nøtteknekkaren er noko av det mest fantasiske eg har sett på ei scene.  Det var heilt umogeleg å få med seg alle situasjonane og aktørane på scena sjølv om eg prøvde det eg kunne.  Likevel vart det no ein del brukbare bilder som eg vil dele med deg dersom du har tid til å setje deg ned ei lita stund.  Her kjem eit bittelite utval frå arkivet mitt.