torsdag 27. desember 2012

Nysnø

Det er romjul, og vinteren har pynta naturen med eit melisdryss av fin kvit nysnø.  Dersom du har  kamera frå før eller har fått eit nytt til jul er det berre å kle på seg og kome seg ut på jakt etter gode motiv.  Og dei er det massevis av overalt anten du ruslar ein tur i hagen, i marka eller langs vegen.  Du bør imidlertid være litt forsiktig, det er is under snøen mange stader utan at du ser den så det kan fort ende med knall og fall, så ta på broddar eller stegjern.  Eg rusla ein tur i marka i dag med opne auge og let motiva finne vegen inn gjennom objektivet på kameraet, her er resultatet:

























søndag 9. desember 2012

Jomentum, Ytre Suløen og Tricia Boutte

Sist fredag kveld var det konsert i Eidskyrkja med koret Jomentum frå Florø, Ytre Suløen Jazzensemble med songsolist Tricia Boutte.  Vi som var til stades fekk servert ein flott konsert med kjende tonar av eit dyktig blandakor og dei fantastiske musikarane i Ytre Suløen som har hatt ein god del utskifting sist året.  Sist men ikkje minst var Tricia Boutte eit fyrverkeri med ei stemmeprakt  som fryda øyrene, og ei utstråling som er ein draum for ein fotograf.  Eg har vore på fleire konsertar med Tricia før, men no på fredag var du "best ever" Tricia, det var synd at ikkje meir enn knappe 70 hadde funne vegen til konserten.  Her kjem nokre glimt av det eg fanga opp med kameralinsa.

















søndag 2. desember 2012

Inspirasjon

Ein av dei som hadde foredrag på Stranda forrige helg var Terje Hellesø, ein av nordens beste naturfotografar.  No er det ikkje berre positiv omtale som har blitt skrive om han siste året utan at eg vil skrive noko meir om det her.  Eg vart i alle høve mektig imponert og inspirert av bilda han viste og foredraget han heldt, så forrige laurdag ettermiddag måtte eg berre avgarde med kamerasekken på ryggen for å sjå om eg fann inspirasjon i det fine haustværet.  Her er resultatet:













Fotoustilling Stranda

Stranda fotoklubb arrangerte forrige helg fotoutstilling der og nokre av Nordfjord fotoklubb sine medlemar deltok med bilder.  I tillegg var der workshops og foredrag av kjende fotografar og då vart freistinga for stor, og Liv og eg tok turen til Stranda fredag kveld for å få med nokre av arrangementa.
Her kjem nokre glimt frå fotoutstillingane.
Ps: Eg har vore temmeleg frustrert siste veka på grunn av at lagerplassen på bloggen min har vore overfylt, og eg har ikkje lyst til å slette noko av det eg har lagt ut.  No er det i orden og eg kan heldigvis legg ut bilder på bloggen min igjen.