tirsdag 20. mai 2014

17 Mai 2014

Vi har lagt bak oss ein fantastisk 17 mai med strålande bunadsvær, og regnet fekk berre erte oss litegrann etter barnetoget.  Det var møtt fram  kollosalt med folk til alle toga, og festkledde og fornøgde små og store kosa seg heile dagen.  Som vanleg fekk eg med meg barnetoget på føremiddagen, men etter å ha vore på Hjelle i mange år og gått toget der, vart det folketoget  i sentrum og arrangementet på Plassen.  Turen gjekk deretter direkte til kyrkja og ein strålande jubileumskonsert der.  Eg hadde eigentleg tenkt å få med meg Tappenstreken, men etter ein lang dag med hornmusikk, russefløyter og konsert gjorde eg noko av det eg likar aller best, eg gjekk eit bittelite tog heilt for meg sjølv.  Turen enda på Åsebønakken og der hadde eg berre lyden av fuglesong, susinga av vinden i trea og vårkåte elvar som dansa nedetter fjellsidene.  Her kjem ein bildeserie frå noko av det eg fekk med meg på nasjonaldagen.

















 




























søndag 18. mai 2014

Dagens fangst

Noko av det Liv og eg likar best er å dra på småturar rundt om i distriktet og gjerne ut til kysten for å vandre i fjæra med kamera på jakt etter gode motiv.  I dag gjekk ferda til Bremangerlandet til ukjent terreng og vi opplevde å få sjå både oter, rev, sel og havørn.  Etter å ha sett fleire oterar i sjøen på altfor lang fotoavstand, hadde eg ei av mine største naturopplevingar med kamera til no.  Ein oter dreiv og dykka nokre meter  frå land og eg sette meg ned på svaberget og venta, og plutseleg kom han opp på land ca 10 meter få meg med ein fisk i kjeften.  Eg fekk dagens fangst med kamera og oteren fekk dagens fangst til middag. Garva naturfotografar vil nok flire rått dersom dei ser bilda mine,  men sjølv er eg rimeleg nøgd med resultatet av oterdebuten min.  Her kjem ein bildeserie frå fangsten.