lørdag 30. juli 2011

Malakoff

Fantastiske Malakoff

Det er alt gått ei veke sidan Malakoff Rockfestival gjekk for fullt.  Det er utruleg utfordrande, krevjande, slitsamt og morosamt å være fotograf  på ein slik festival og motiva tek ingen ende frå tidleg morgon til seine natta.  Her kjem eit bittelite utdrag av bilda eg tok under festivalen.  (Fleire av bilda mine finn du på Eidaportalen)


søndag 17. juli 2011

Rondane

Turen denne helga gjekk til Sel og dansefestival med overnatting på Høvringen i Rondane.
Dagens bilder er nokre av motiva eg fekk festa på minnebrikka i løpet av ein tur til Peer Gynt hytta laurdag ettermiddag.


fredag 8. juli 2011

Fantastiske Elskhug og Eksis

Når ein er hobbyfotograf og får anledning til å overvære ei forestilling som Elskhug og Eksis, er det som å sleppe ein unge inn i ein snopbutikk og seie værsågod: et til du sprekk. Fantastiske motiv skifter for kvart sekund gjennom to timar med topp underhaldning.  Det er berre å gje seg ende over og bøye seg i beundring for gjengen på og bak scena for den kjempejobben dei har lagt ned i planlegging og øving.  Her kjem eit lite knippe med nye bilder frå forestillinga, ein heil del av bilda mine er nettopp lagt ut på heimesidene til Elskhug og Eksis.

onsdag 6. juli 2011

Tongane på Rugsundøy

Dersom du skulle gå i beit for turmål ein søndag, og i tillegg er interessert i gamle krigsminner, bør du absolutt avlegge eit besøk på Tongane på Rugsundøy.  Ei mengd med gamle kanonstillingar, bunkersar og til og med ei og ei halv kanon kan du studere over eit stort område.  Du treng mange timar på å nå over alt, og terrenget er ypperleg som turmål og veldig spanande for ungar.  Ta gjerne med lykt for å studere dei mørkaste bunkersane. Du kan finne parkering for bilen i nærleiken av tunellopninga for den undersjøiske tunnelen, og så går du forbi husa og inn på ein litt kronglete sti i ca. 1,5 km.  Der er fleire store opplagstavler med informasjon om området i nærleiken av bunkersane.
God tur.