mandag 19. september 2016

Margot

Det er alt gått to veker sidan "Margot, alt i boks gjekk av stabelen i operahuset.  Det var ei strålande forestilling, og eg kan nesten ikkje hugse at det var så mykje latter på ei forestilling i operahuset.  Med to så dyktige komikarar,Ina Breivik og Øyvind Angeltveit; på scena måtte det berre bli suksess.  Ina Breivik har vore min favorittkomikar heilt sidan eg fekk oppleve ho på eit julebord i Ålesund for over 10 år sidan.  Difor klarte eg ikkje å la være å legge ut ein bildeserie på bloggen sjølv om det ikkje er heilt ferskt.