torsdag 31. mars 2011

Workshop i fotoklubben



Eg kunne ikkje dy meg, men måtte legge ut nokre av bilda eg tok på workshopen i fotoklubben i går kveld.  Er det ikkje det ein eigentleg har fotoblogg til?   Motivet var seinkveld (mitt forslag) og lukka var at eg hengde meg på forslaget til Anna om å gå mot Hærmuseet.  Vi  (Anna, Kirsti og meg sjølv) hadde ei fantastisk fotostund ved elva der vi forsynte oss av flotte svanemotiv i solnedgongen.

søndag 27. mars 2011

West side story

Eg kunne ikkje dy meg, men måtte legge ut eit bilde frå Eid vidaregåande skule si fantastiske oppsetting av West side story.  Å  fotografere det som skjer på scena i operahuset er noko av det kjekkaste og mest utfordrande eg veit.  Heldigvis skjer der noko heile tida så motiva kjem som perler på ei snor.

Ørneerstatning

Dette innlegget handlar om ein liten skogstur eg hadde i ettermiddag.  Eg hadde som vanleg med kamera og var i hjortemodus, dvs. prøve å liste meg inn på ein hjort for å ta bilde av den.  Lite ante eg at eg var observert av eit par sylskarpe auge som interessert følgde kvart steg eg gjorde.  Plutseleg eksploderte krattet 30 meter frå meg og eit kjempebeist av ei havørn letta og forsvant bortgjennom skogen. Kameraet var sjølvsagt ikkje klar, og eg hadde heller ikkje hatt tid til å foreviga den. Eg har vandra i området i 50 år og aldri sett så mykje som ei ørnefjør der tidligare så eg trøsta meg med det at ein kan ikkje alltid være budd på alt.  Moralen er likevel; kameraet må alltid henge rundt halsen klar til bruk og innstilt på forholda rundt deg.  Då har ein i alle høve ein liten sjangs til å få overraskande motiv inn i linsa.  Som erstatning legg eg ut eit bilde av ei havørn vi spanderte "middag" på under ein båttur lengst ute i Flekkefjorden i Sunnfjord for nokre år sidan.

onsdag 23. mars 2011

Sett frå kjøkenglaset

Eg strevar ein del med å få system på bloggen, men reiknar med at den blir betre etterkvart.  I dag prøvar eg  å legge ut nokre av favorittbilda mine  i serien "sett frå kjøkenglaset".  Litt kjedeleg med det same motivet heile tida kanskje, men eg må innrømme at eg blir aldri lei av å sjå alle dei fantastiske variasjonane frå time til time og dag til dag.

søndag 20. mars 2011

Fullmåne

Etter å ha lese om den fantastiske store fullmånen som skulle vise seg denne laurdagskvelden,og gleda meg til at den steig opp over fjella i aust og sende sitt trolske lys over Hornindalsvatnet vart eg syrgjeleg skuffa.  Rekordmånen glimra med sitt fråvær, og eg måtte leite i arkivet mitt for å finne erstatningsmåne. Biletet er frå 10. februar 2009 kl 1935, og er plukka ut frå samlinga mi "sett frå kjøkenglaset". Dette er eit fotoprosjekt som eg håpar aldri blir ferdig fordi utsikta eg har frå kjøkkenbordet blir eg aldri lei av og den varierar for kvart minutt, time og dag heile året.

lørdag 19. mars 2011

Endeleg

Då var endeleg dagen komen for at eg og skulle få min eigen blogg.  Bloggsida er foreløpig på utformingstadiet, men vil vel bli utbetra og gå seg til etterkvart.  Eg ser fram til å få utveksle bilder og "fotoprat" med dåkke andre i Nordfjord Fotoklubb og håpar at de bloggproffane er litt overbærande med ein nybyrjar no i fyrstninga.