fredag 30. desember 2011

Dagmar

Det har vore bildetørke på bloggen min i lang tid no, så det er vel på tide å kome på bana igjen.  Været, mørket, og ein del andre gjeremål før jul får vel ta litt av skulda.
Fyrste juledag om kvelden var eg ein tur ned i sentrum for å sjå på det ventande uværet.  Eg knipsa nokre bilder ved dampskipskaia, og sjølv om været og bylgjene vart mykje verre utover kvelden, gir dei ein liten indikasjon på kva som var ventande.  Kvaliteten er så som så,  men sjøvatn og fotouststyr er ein dårlig kombinasjon, så difor sat eg i bilen med rattet som stativ.