mandag 28. august 2023

TRIVSELSSKOGEN

Eg kunne ikkje dy meg, men måtte legge ut litt fleire bilder og kommentere noko meir av opplevingane i Trivselsskogen på Sandane.  Eit fantastisk opparbeida område, med fine stiar, imponerane Sherpatrapper, trimapparat for alle salgs øvingar, hytter og benkar for kvile, rekreasjon og avslapning, massevis av artige figurar til underhalding og observasjonstrening for den yngre garde, flotte skulpturar utskorne med motorsag og sjølvbetjent saftstsjon for å nemne noko.  Eit utruleg rikhaldig område  for alle aldrar  som inviterar til trening og aktivitet der du kun konkurrerar med deg sjølv om du vil.  Eg har sjølv for mange år sidan drive med idrettskule, friidrett og langrennstrening for hundrevis av ungar, og dette området er som skapt for alle slags fysiske aktivitetar.  Eg må og i same andedrag få nemne "Myra" nær sentrum av Sandane, (har dessverre ikkje fått "inspisert" den enno, men det står høgt på prioriteringslista). Eit utruleg flott område for både sommar og vinteraktivitetar.  Eg er heile tida inne på FB og sjekkar aktivitetane der og er kjempeimponert over det arbeidet som blir gjort  for idrett og leik for store og små.  Eg kan ikkje få skryte nok av alle dei som legg ned heile si sjel i arbeidet med opparbeiding og vedlikehald der.  Eg kunne ha skrive side opp og side ned om kor store verdiar desse anlegga har for trivsel og folkehelse, men vil berre runde av med å gratulere alle involverte i desse anlegga med eit praktfullt arbeid der verdien av innsatsen ikkje er målbar i kroner og øre.  Her kjem nokre fleire bilder frå turen i Trivselsskogen i går.