søndag 22. desember 2013

Julekonsert i Kjølsdalen

Sjølv om det er berre eit par dagar til julafta, gjekk likevel den tradisjonsrike julekonserten av stabelen i Kjølsdalen kyrkje i kveld.  Kyrkja var fyllt til trengsel, og det ikkje utan grunn.  Folket vest i kommuna veit kva som ventar når dei dreg på julekonsert i kyrkja, og dei vart ikkje skuffa.  Det er ikkje berre i sentrum av kulturkommuna Eid det er aktivitet.  Det varierte programmet og aktørane viste at det er svært høg kvalitet i musikklivet ute på bygdene, og ikkje minst i dragsuget av musikklaga i Kjølsdalen.   Kjempeflott konsert som vart stødig og profesjonelt samanbunde av konferansieren Torfinn Myklebust.   Her kjem nokre bildeglimt frå kvelden.

  











fredag 13. desember 2013

Audition

I ca. eit år har eg vore klar over denne forestillinga,  og like lenge har eg gleda meg til denne dagen.  Ja, siste veka har eg vore som ein femåring som ventar på julafta.  Og eg vart ikkje skuffa.  Under juletreet i operahuset var det fullt av store musikalske pakkar som vart opna etter tur, og dei mest strålande prestasjonane kom til syne.  Eg kjem til å ha glede av innhaldet i lang tid framover.  Vi som bur i Eid og omegn anar ikkje kor heldige vi er som kan nyte topp underhaldning av profesjonelle artistar den eine veka, og den neste underhaldning av ungdomar som så vidt er begynt på tenåra og presterar på eit nivå som eigentleg er umogeleg å forstå.  tusen takk heile gjengen for eit eventyr av ei forestilling.  Folkens, fredag kveld går de mann av huse og fyller operahuset til trengsel, det har Ungdomskuleelvane og teamet rundt ærleg fortent!
Her kjem eit bittelite utval av bilder eg tok under forestillinga.