lørdag 18. februar 2017

2025 MUSIKAL EUS

Det har snart gått eit par døgn sidan Eid Ungdomskule og Kulturskulen i Eid framførte musikalen 2025 i operahuset.  Desse fantastiske elevane klarte å fylle operasalen til trengsel i to forestillingar.  Når ein veit at det er 13-14-15 åringar som står på scena er det berre å bøye seg i scenegolvet i rein beundring.  Det som blir vist fram held eit eventyrleg høgt nivå, og dei som har framtredande roller er så scenevande at ein skulle tru at dei aldri har gjort noko anna.  Tusen hjarteleg takk til samtlige, både på scena, bak scena, det fenomenale orkesteret og alle andre som har jobba i mange månader for å få dette til.
Tusen takk også fordi eg fekk lov til å fotografere forestillinga.  Eg har etter beste evne prøvt å få med meg det meste som vart framført, og beklagar dersom nokon føler seg forbigådde.  Med så mange på scena er det frykteleg vanskeleg å velge motiv som heile tida er i rørsle under vekslande lys.  Det er ein stor jobb berre å velge ut bilder, dei bilda eg har redigert er berre 5-6 % av totalen, men trur likevel det er eit bra gjennomsnitt av kva som skjedde.