torsdag 27. august 2015

Årringar

Det er rundt to månader sidan sist eg skreiv eit blogginnlegg, Elskhug og eksis, og grunnen er ikkje at eg har lite bilder, men rett og slett mangel på tid og så har ikkje været dei siste vekene freista meg å sitje inne med  PC en.  Det kjem meir bilder etterkvart, både frå Elskhug og eksis, Malakoff, ferie på Island og mykje anna rart.  Dette innlegget skal handle om musikalen ved sagedammen på Ulvedal.  Eg har sagt mange gonger før at det å fotografere lokale aktørar på scena i forskjellige kostymer er noko av det eg likar best, og etter den forestillinga har eg ikkje endra på det synet.  
Det var ei magisk framføring av musikalen av svært dyktige songarar og skodespelarar og med dei fantastiske naturlege kulissane rundt var det eit eventyr å sitje på tribuna.  Eg har fotografert ein del forestillingar etterkvart, men har aldri site så trongt, og med to kamera i sving var det ikkje heilt enkelt, men det gjekk no på eit vis.  Eg lurte og ei stund før musikalen kvifor de gjekk så seint på kvelden, men den eventyrlege stemninga i skumringa satte prikken over i en.  
Alle dei innvolverte i musikalen skal ha all ære og ros for eit framifrå arrangement, og eg trur det blir minst like trongt på tribuna ved neste korsveg.  Det er og kjempeflott at det er blitt samarbeid utover mot Eid som har lang erfaring med liknande arrangement.    Eit tips kan kanskje være å arrangere Elskhug og eksis og Årringar kvart sitt år slik at ein kan dra nytte av kvarandre sine kapasitetar og ikkje slit ut dei som er mest innvolverte.  
Her kjem ein bildeserie på nesten 70 bilder frå musikalen. Eg har redigert og fotoshoppa dei etter beste evne, og håpar at dei av aktørane og publikum som ser bilda har glede av dei.  Bilda er ikkje heilt etter kronologisk rekkefylgje, det beklagar eg, men det medfører mykje ekstraarbeid, så eg håpar det er ok.