lørdag 23. juni 2012

Helsing til Jeanette

Eg kunne ikkje dy meg då eg såg denne gamle Scaniabussen der snøsporven hadde laga reir og vi høyrde ungane som skreik under panseret,  denne bussen hadde vore midt i blinken for deg Jeanette.  Du misunner sikkert snøsporven som får bu i ein slik kjempefin gammal buss. Ha ein god sommar vidare.

Barentsburg

Torsdag var vi på båttur til Berentsburg og til ein isbre på andre sida av Isfjorden.  Og for fyrste gong fekk vi sjå og fotografere isbjørn.  Den låg og symde i sjøen framfor breen eit par hundre meter frå båten, så bilda vart ikkje så mykje å skryte av, men litt spesiellt var det likevel.  Det var ca. tre veker sidan sist dei så isbjørn i området så vi hadde kjempeflaks.  Barentsburg var ein litt spesiell "by", og det som vart lagt mest merke til der var skulen som var utruleg fint dekorert av ein kunstnar frå st. Petersburg.  På vegen tilbake til Longyearbyen gjekk båten og forbi Grumantbyen som er ei russisk gruve som vart nedlagt i 1962, og berre nokre forfalne hus står igjen.  Om kvelden vart det fuglefotografering der raudnebbterna gjorde det den kunne for å skreme oss vekk.  I kveld er det jonsokfeiring på stranda og det skal bli moro å sjå korleis den blir feira her.  Her kjem nokre glimt frå torsdagen.














onsdag 20. juni 2012

Festningen

Ute på Isfjord radio vart vi kjende med ein fin gjeng geologar som skulle på synfaring på ein stad som heiter Festningen som ligg rett over fjorden frå Barentsburg.  Vi var så heldige å få være med på den turen fordi vi måtte fordele alle passasjerane på to båtar som skulle inn til Longyearbyen.
Det var ei interessant stund med mange fine motiv, og det mest spesielle var vel då eg klarte å fotografere eit mange millionar år gamalt fotavtrykk etter ein dinosaurus inne i ei fjellsprekk.  Turen tilbake vart og litt spesiell då den eine båten fekk motortrøbbel.  Kystvaktskipet Senja som var i området tilbaud oss haik og vi vart heisa ombord midtfjords.  Ei artig oppleving som vi tek med som ein fin bonus på turen.  Vi fekk og omvisning på båten og vart trakterte med frukt, kaffi og småkaker.  Her kjem nokre bilder frå opplevinga.










Isfjord radio i bilder

Vi er no tilbake i Longyearbyen etter to fine og opplevingsrike dagar på Isfjord radio.  Her kjem nokre bilder frå opphaldet der ute.  Det er litt tungvint med blogginga no fordi eg må redigere bilda på mi maskin og føre dei over og skrive bloggen på ei anna maskin som er tilkobla internett.











mandag 18. juni 2012

Isfjord Radio

Vi sit no på Isfjord radio etter ein times frisk tur i open båt frå Longyearbyen.  Dersom ein reiser lenger vestover er Grønland neste. Isfjord radio er ein ganske så aude plass med fire fem bygningar, og det ser nokså kjedeleg og ordinært ut frå utsida.  Vi får eit heilt anna inntrykk når vi opnar døra og kjem inn. Interiøret i husa er berre heilt fantastisk, og ein må sjå det for å tru det.  Eg sit no og skriv på ein gjeste PC, og klarer ikkje å legg ut bilder her ifrå, det får bli seinare.  Noko anna som er spesiellt her er at vi får ikkje gå ut for døra utan våpen på grunn av isbjørnfaren.  Vi har ikkje sett noko til den store kvite bamsen enno, men den har vore på besøk heilt intil husa her fleire gonger så vi tek ingen sjansar.  Utpå kvelden blir det vel ein tur i terrenget her ilag med vår lokale guide og bodygard, Stig Ove, som akkurat no jobbar for fullt med rørinnstallsjonar.  Ellers er det mykje ærfugl her, og ein meter frå inngangsdøra ligg ei ærfuglhoe og rugar på 9 egg, og mange andre ligg lang veggene her.  Dei føler seg vel trygge her på grunn av at reven har egg som livrett, og i fylgje dei som bur her luskar den rundt i terrenget.  Vi kjem tilbake til meir rapportar og bilder seinare.

søndag 17. juni 2012

Svalbard

Vi har allereide vore i Longyearbyen i over to dagar, og vi har hatt det kjempeflott her oppe.  Det opna med strålande sol og skyfri himmel fredags kvelden, vindstille og nærare 10 grader.  Fotomotiva står i kø for ivrige fotografar, og det er litt uvant at "ville" dyr og fuglar som vanligvis stikk av berre dei ser deg omtrent ikkje bryr seg om at du er i nærleiken.  Vi har vore på ei rekkje utflukter i nærområdet, her er ikkje så mange kilometer med vegar og vi har allereiede køyrt dei fleste.  Det spesielle her oppe er at det er kun på bebygt område ein kan bevege seg fritt utan våpen.  Vi er så heldige at vi har lokal kjentmann, guide og våpenkyndig jeger i familien, så det er ikkje problem å reise rundt utan å være redd for isbjørn.  Eg har hatt litt dataproblem, men håpar at nokre av bilda viser litt inntrykk av korleis vi har det.   I morgon går turen i open båt til Isfjord radio, som ligg helt ute i opninga av Isfjorden ca.  ein time herifrå.  der skal vi være i to dagar medan Stig Ove jobbar, og vi håpar å få nye motiv inn i linsa der.
















tirsdag 12. juni 2012

Songarstemne Skodje

I helga var Stårheim Songlag på songarstemne i Skodje på Sunnmøre, og her kjem ei helsing til mine songarvener i koret med nokre små glimt frå helga.  Ha ein riktig flott sommar heile gjengen, vi får ta igjen fleire bilder ved eit seinare høve.