søndag 30. september 2012

Madama Butterfly

I kveld var det premiere på Madama Butterfly i operahuset på Nordfjordeid.  Eg har sett samtlege opsettingar sidan starten, og det som blir vist på scena i år ligg ikkje noko tilbake for dei foregåande, tvert imot.  Fantastisk lys og kulissar, lokale aktørar som nok ein gong gjer ein kjempeinnsats både på og ikkje minst bak scena og solistar og musikk som ein får gåsehud av.  Har du ikkje sikra deg billett til ei av forestillingane er det enno ikkje forseint, men vent ikkje for lenge, dei er vekk før du veit ordet av det.  Dagens bloggbilder er frå onsdagens øving, og er berre nokre glimt av det du får sjå.  Forestillinga må opplevast med eigne sansar, og du har bruk for alle!!!


































torsdag 13. september 2012

Låvemesse og open gard i Leivdalen

Forrige helg arrangerte Quiltekubben og Bondelaget låvemesse og open gard i Leivdalen med stor suksess.  På tross av heller surt vær og regn på søndag strøymde folk til arrangementet i hopetall og let seg friste av flotte utstillingar, spanande salgsboder, god underhaldning og mykje kjempegod mat.  Det er imponerande kva damene i quilteklubben har fått til, og med hjelp av bondelaget er dette blitt eit kjempeteam.  Fyrste året Malakoff var arrangert kom det ca. 600 besøkande og vi veit korleis det har gått vidare.  Låvemessa har foreløpig vakse like mykje, og oppe i Leivdalen er det mykje større areal å arrangere på enn i Malakoff, eg seier ikkje meir.  Her kjem nokre glimt frå søndagen.