lørdag 23. mai 2015

Kjøsahammaren rundt

Noko av det kjekkaste Liv og eg veit er å vandre rundt på kjende og ukjende plassar med kamera og la motiva dukke opp og vise seg fram og kanskje bli foreviga gjennom kameralinsa.  Dei fleste hadde nok gått fort forbi motiva våre, men vi tykkjer det er fantastisk avkobling og rusle i fred og ro og nyte alt det vakre vi har rundt oss, og  spesiellt no om våren.  Graset som gror opp gjennom gamal daudelje, ein liten rogn som har funne ly i eit dreneringshol i ein gamal støypekant og gamle ospelauv i motlys.  For eit par veker sidan hadde vi planlagt å gå rundt Kjøsahammaren og fann ein gamal skogsveg på austsida av tunnellen som vi starta på.  Det var imidlertid ein blindveg og vi måtte starte ved saga ved tunellopninga på vestsida.  Der fylgde vi den gamle vegen rundt Kjøsahammaren som vart nedlagd då tunnellen var ferdig i 1968.  Dette er ein kjempefin spasertur, om enn litt skummel fordi der har ramla ned nokre store steinblokker der hammaren kneiser loddrett opp 100 meter over vegen.  Det må ha vore litt av ein jobb å byggje denne strekninga på vegen for over 110 år sidan.  Vi oppdaga og noko anna spanande på turen, men det har eg ikkje fått utforska enno så det får eg kome tilbake til ved eit seinare høve.  Her kjem ein bildeserie frå ein liten spasertur rundt Kjøsahammaren i mai.






















torsdag 21. mai 2015

17 Mai 2015

Årets 17. mai vart ein strålande dag med sol, passeleg vind i flagga og fin bunadstemperatur. For min eigen del måtte eg sjølvsagt ha med meg barnetoget med utruleg mykje folk og flott stemning før eg reiste til Stårheim og song i lag med Stårheim songlag der.  Ettermiddagen vart feira med tog og tradisjonelt opplegg på Hjelle skule.  
Avslutningsvis vart det også i år ein tur i marka  i staden for tappenstrek.  Her kjem nokre glimt av det eg fekk med meg i løpet av dagen.