lørdag 16. mai 2015

Smøla

Eg greier ikkje  å forlate turen til Smøla med fotoklubben heilt enno.  På dei to foregåande blogginnlegga vart bilda via mykje til berre ørn og måsar, denne gongen tek eg med litt meir om kva vi ellers såg på denne fantastiske øya.  Smøla er flat som ei pannekake med litt sylteklumpar oppå.  Høgaste punktet er  60 m over havet, og vegen rundt øya er 8 mil lang.  Det er stort sett myrar, lyng og mose med nokre hus og gardar med flate bøar rundt.  Noko anna er det på Veidholmen der husa står tett i tett, og ein meir sjarmerande tettstad skal du leite lenge etter.  Vi gjekk der og rusla eit par timar, og motiva stod i kø for å sleppe inn gjennom kameralinsa, det vart nesten i meste laget for ein stakkars fotograf.  Smøla er eiga kommune og det er ca. 2000 fastbuande der, men det talet meir enn doblar seg om sommaren.  Der er og fleire tettstader med butikkar og mange utleigebustader til turistar som fiskar og fotograferar ørn.  Det fyrste som møter oss på ferjekaia når vi kjem i land er ein flott kafe med museum og amfi for friluftsteater.  Det er ikkje berre på Eid vi har utescene og historiske spel.  Vi var og ein tur ut og fotograferte  Norges største vindmøllepark med 68 vindmøller.  Det er litt begrensa kva ein klarer å få med seg på eit og eit halvt døgn når ein har faste avtaler med guidar og båt og nødvendigvis må sove litt innimellom, så eg gjev meg med reiseskildringa her.  Eg vil berre avslutte med å seie at turen til Smøla absolutt freistar til gjentaking og kan anbefalast på det varmaste om du er vanleg turist eller ein ihuga fotograf.  Her kjem ein ukronologisk bildeserie som fangar opp litt meir av Smøla og kva vi såg mellom vengeslaga til ørn og måsar.

















































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar