torsdag 19. november 2015

Kulturnatt 2015

Sist fredag var det kulturnatt i heile distriktet, og eg måtte berre ha ein tur forå få med meg kva som skjedde i sentum på Eid.  Og eg vart ikkje skuffa, Kulturtilbodet i Eid er så mangfaldig at det er berre å gje seg ende over og forsyne seg så lenge ein orkar.  
Fyrst var det kulturprogram i  operahuset med ein time forestilling der, med påfølgande dans i foajeen og deretter rett i Gymmen der eg kom ut av talet på forskjellige grupper og soloinnslag.  Kulturløypa denne kvelden vart avslutta med ein forrykande konsert av Alex Grey med band i kulturhuset Gamlebanken der stemninga stod i taket.  Det er vanskeleg å få med seg alle detaljane på ein slik kveld, men bildekavalkaden gjv vel eit visst inntrykk av det som skjedde.  Eg må nok innrømme at fotografen i meg blir litt ekstra trigga av fart, lys og fantastiske ansiktsuttrykk, så den siste dansegruppa har no i alle fall fått sin porsjon med bilder.  Alt i alt ein strålande kveld, og takk til alle aktørar og arrangørar som stiller opp for at vi som publikum kan nyte ei fantastisk kulturnatt.