søndag 1. november 2015

Sound of Music

Det har vore ei eineståande helg for det musikkinteresserte publikum.  Fire stappfulle hus av publikum fekk med seg ei heilt strålande oppsetting av Sound of music.  Eg har vore på ganske mange forestillingar i operahuset etterkvart, men maken til applaus både under og etter forestillinga har eg knapt opplevd.  Og meir fortent kunne det ikkje vore.  Eit fantastisk orkester og aktørane på scena fekk publikum i ekstase fleire gonger.  Ei oppleving for livet både for publikum og skodespelarar.  Tusen hjarteleg takk til alle innvolverte for nok ei magisk helg i Operahuset Nordfjord.  Eg har etter beste evne prøvt å få med meg noko av det som skjedde på scena, og alle bilda er frå generalprøva på torsdag.  Eg er ikkje ferdig med redigeringa, og fleire bilder blir lagt ut etterkvart eg er ferdig med dei.  










































































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar