torsdag 25. oktober 2012

Over Brekka

Sist søndag køyrde vi ein tur på Bjørkedalen og over Brekka til Hjelmelandsdalen og her måtte vi berre stoppe og ta fram kameraet idet siste solstrålane braut gjennom skodda.


onsdag 17. oktober 2012

Hjortejaktlaget fugl og fisk

I nærare tjue år har eg vore med og gått på hjortejakt  i lag med hjortejaktlaget fugl og fisk.  Nokon jeger med gevær har eg aldri vore, men har alltid medbrakt min eigen Canon speilrefleks for å forevige dei mange situasjonar jegerane er oppe i.  I tillegg driv eg litt med hobbykokkelering på si, og i mange år har vi vore samla fyrste helga i jakta til god mat og jaktprat heime hjå oss.  I år hadde vi dugnad på nedvasking og rydding av ei 2-300 år gamal nystove for å ha hjortefesten der.  På Svalbard fekk eg mykje inspirasjon til å utvide kokkekunsten, og resultatet vart ein 7 retters middag for 14 personar.  Det kan være ei stor utfordring sjølv på eit kjøkken med komfyr og oppvaskkum og alle kjøkkenreidskapane for hand.  Noko heilt anna er det å lage til maten i ei gamal steingrue, steingolv, provisorisk kjøkkenbenk og ikkje innlagt vatn.   Her skal eg presentere menyen i bilder som ber litt preg av hastverk, fordi det går fort unna i svingane når ein skal servere såpass mange svoltne gjester. Ps, eg fekk ingen klager på maten.

Forrett: spekemat av hjort,heimebaka flatbrød og potetsalat.
Servert på fjøler frå Eid bruk.

Venterett: grilla røykelaks av villaks, ostekrem, agurksalat og russisk ørretrogn.
Servert på steinheller frå Hornindalsvatnet.


Jegerane måtte hjelpe til med kjøkkenteneste og servering.




Koserett: Roastbiff av hjort, honningmelon.
Servert på 200 år gamle dreia tretallerkar.


Eksotisk rett: Grilla filet av Svalbardrein, mandelpotetpure, sjalottlauk og kantarell.
Servert på steinheller frå Hornindalsvatnet.


Og gjestene var samla rundt det gamle bakstebordet.


Mellomrett: Grilla tiurbryst, mandelpotetpure, heimelaga viltsaus,kantarell, tytebær.


Hovedrett: Heislteikt hjortefilet, mandelpotetpure, heimelaga viltsaus, sjampinjong, tytebær.


Dessert: Molteostekake, molte og villbringebærsaus, skogsbær.


Vart du svolten no?

søndag 14. oktober 2012

Kong Audbjørn 3

Det er snart fire veker sidan det historiske spelet om Kong Audbjørn vart vist  i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule der alle tre episodane vart synt på ein gong. Eg må berre nok ein gong få seie kor imponert eg er over kreativiteten og pågangsmotet til Eidarane.  Nye idear dukkar opp heile tida og blir gjennomført med glans.  Gong på gong stiller små og store til innsats både bak scena og på scena og gjerne på fleira av dei kulturelle aktivitetane. Den oppveksande slekta får med seg ei dugnadsånd og ein ståpåvilje nær sagt med morsmelka som det er berre å ta av seg hatten for, og som dei får glede av resten av livet.  Vi gledar oss til neste krumspring same kva det blir.   På grunn av ferie og mykje anna fotografering har bilda frå denne forestillinga blitt liggande på vent,  men no har eg redigert eit lite utval av det eg fekk med meg frå kvelden og her er dei.




























onsdag 10. oktober 2012

Kyrkjekonsert

Søndag kveld var det konsert i Eid kyrkje i regi av Opera Nordfjord og der all inntekta gjekk til innsamlingsaksjonen for Amnesty International.  Det vart ei strålande forestilling med solistar og musikarar frå Madama Butterfly der ikkje minst dei lokale musikarane imponerte stort.  Her kjem nokre smakebitar frå konserten.