onsdag 17. oktober 2012

Hjortejaktlaget fugl og fisk

I nærare tjue år har eg vore med og gått på hjortejakt  i lag med hjortejaktlaget fugl og fisk.  Nokon jeger med gevær har eg aldri vore, men har alltid medbrakt min eigen Canon speilrefleks for å forevige dei mange situasjonar jegerane er oppe i.  I tillegg driv eg litt med hobbykokkelering på si, og i mange år har vi vore samla fyrste helga i jakta til god mat og jaktprat heime hjå oss.  I år hadde vi dugnad på nedvasking og rydding av ei 2-300 år gamal nystove for å ha hjortefesten der.  På Svalbard fekk eg mykje inspirasjon til å utvide kokkekunsten, og resultatet vart ein 7 retters middag for 14 personar.  Det kan være ei stor utfordring sjølv på eit kjøkken med komfyr og oppvaskkum og alle kjøkkenreidskapane for hand.  Noko heilt anna er det å lage til maten i ei gamal steingrue, steingolv, provisorisk kjøkkenbenk og ikkje innlagt vatn.   Her skal eg presentere menyen i bilder som ber litt preg av hastverk, fordi det går fort unna i svingane når ein skal servere såpass mange svoltne gjester. Ps, eg fekk ingen klager på maten.

Forrett: spekemat av hjort,heimebaka flatbrød og potetsalat.
Servert på fjøler frå Eid bruk.

Venterett: grilla røykelaks av villaks, ostekrem, agurksalat og russisk ørretrogn.
Servert på steinheller frå Hornindalsvatnet.


Jegerane måtte hjelpe til med kjøkkenteneste og servering.




Koserett: Roastbiff av hjort, honningmelon.
Servert på 200 år gamle dreia tretallerkar.


Eksotisk rett: Grilla filet av Svalbardrein, mandelpotetpure, sjalottlauk og kantarell.
Servert på steinheller frå Hornindalsvatnet.


Og gjestene var samla rundt det gamle bakstebordet.


Mellomrett: Grilla tiurbryst, mandelpotetpure, heimelaga viltsaus,kantarell, tytebær.


Hovedrett: Heislteikt hjortefilet, mandelpotetpure, heimelaga viltsaus, sjampinjong, tytebær.


Dessert: Molteostekake, molte og villbringebærsaus, skogsbær.


Vart du svolten no?

1 kommentar:

  1. Mmmmm....Utruleg imponerande. Var ikkje klar over at du har slike talent.

    SvarSlett