søndag 12. februar 2012

Meir svaner

Eg kunne ikkje dy meg, men måtte ha ein tur i elva for å fotografere svaner i dag og.  Det er ikkje så enkelt som det ser ut til og få dei til å poseree som ein vil.  Det er i alle høve fantastisk flotte fuglar når ein får studere dei på få meter avstand.



Motivjakt

Det går fint å kombinere foto med andre hobbyar.  For eksempel berre ta fotoutstyret på ryggen når du likevel skal ta ein trimtur.  Dersom det dukkar opp motiv undervegs har ein utstyret klart til bruk.  Du kan være sikker på at den dagen du ikkje har med kameraet dukkar det opp eit kvart.  Eg har sjølv gått glipp av mange gode bilder på grunn av manglande fotoutstyr.  I kveld kombinerte eg trimturen med litt fotojakt, der eg besøkte swanee river og leika meg litt i Kviafossen med isfigurar og lys.  Her er resultatet: 










mandag 6. februar 2012

UKM

Søndag kveld gjekk det lokale UKM av stabelen i operahuset, og publikum fekk to tettpakka timar med variert og god underhaldning av dei 26 innslaga frå scena.  Her kjem nokre få glimt av aktørane.













torsdag 2. februar 2012

Sjøsetting

Då eg kom heim frå jobb i kveld rakk eg akkurat å få med meg sjøsettinga av båten som skal gå i rute mellom Grodås og Otterdal.  Her kjem nokre glimt frå hendinga: