onsdag 21. juni 2017

Lodalen

Sist søndag gjekk turen til heilt innerst i Nordfjord, nemleg Lodalen og Kjenndalen.  Noko særleg villare, meir brutal og fasinerande natur finn du ikkje på desse kantar.  Det vekslar mellom ein fantastisk botanisk hage langs vegkantane til ville fossar og knyttenevar av fjell som heng 1000-1500 meter over hovudet på deg.   Spor etter snøras frå sist vinter som har pulverisert skogen og eit villniss av uframkomeleg kratt og rotvelter på begge sider av vegen.  Jau, dette er mat for ein hobbyfotograf.  Eg vil ikkje gje meg ut på å skildre turen noko meir, berre viser til bildeserien som ligg ved. God tur!




















tirsdag 13. juni 2017

Kulturskuleavslutning 2017

Det er alt gått omlag to veker sidan sommaravslutninga  for kulturskulen gjekk av stabelen i operahuset.  Eg må innrømme at lange lyse sommarkveldar med opphaldsveir ikkje er spesiellt egna for bilderedigering.  Difor tek det ei stund før eg får kjempa meg igjennom alle fotoprosjekta eg til ein kvar tid held på med.  Eg vil ikkje gje meg ut på og skildre alle dei fantastiske prestasjonane som blir vist på operascena.  Både augo og øyro får i fullt mon ein slik kveld.  Eg let bilda tale for seg sjølv, og her er noko av det eg klarte å fange opp med kameralinsa.