mandag 5. juni 2017

Songarstemne på Leikanger

Det er alt over ei veke sidan Leikanger mannskor arrangerte songarstemne på Leikanger under dei mest fantastiske værforhold ein kan tenkje seg.  Det finst knapt nok noko vakrare enn eit festkledd og feststemnt songartog i fruktbløminga i strålande solskin i mai i ein fjord på Vestlandet.  Det deltok 10 kor frå heile Sogn og Fjordane pluss eit gjestekor frå Sunnmøre.  Kjempeflott arrangement frå A til Å med songarfest fredag, profankonsert laurdag og sakralkonsert søndag og underhaldning av Leikanger mannskor både fredag og laurdag kveld.  Det som likevel kanskje toppar det heile var songarfesten laurdag kveld.
I partytelt ved Sognefjord hotell heilt nede ved Sognefjorden med nydeleg servering var stemninga eventyrleg frå fyrste minutt.  For ein korsongar finst det ikkje noko betre enn å være i lag med andre songarar som kan og vil synge og gjer det heile tida.  Kora kappast om å reise seg og synge det dei kan best, og stemnina var nærmast elektrisk.  
For oss som kjem frå Eid var det ei fantastisk oppleving då alle kora stemde i med "Vestlandet" som allsong av Vilde og Anna.    Den som likevel tok kaka var 86 år gamle Odd Njøs som bombarderte forsamlinga med historier frå eit langt songarliv. Eg har aldri nokon gong høyrt maken til kåseri med påfølgande lattersalvar.  Songarane vreid seg i krampelatter for kvar historie som var fortalt.  Dagens stand up komikarar hadde blitt slått ut i prologen i konkurransen med denne karen.
No har eg gått igjennom bilda mine frå stemnet og etter mange timar med utplukking og redigering kjem resultatet her.  Eg håpar at noko av det fell i smak.  Eg har og ein heil del videosnuttar både frå konsertane og opptak både av allsongen "Vestlandet" og kåseriet til Odd Njøs.  Dette vil eg prøve å redigere og legge ut på You tube etterkvar når tida mi strekk til.  Bilda er dessverre ikkje i kronologisk rekkefylgje.  Det kan no være ei utfordring til deg å prøve å hugse kva som hende når.  Til slutt tusen takk til Leikanger mannskor for eit strålande arrangement.








































































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar