søndag 8. desember 2013

Julekonsert på Stårheim

Det er høgsesong for julekonsertar, og i ettermiddag var eg i lag med Stårheim Songlag på konsert i Stårheim kyrkje.  Det var ein flott konsert med kor, korps, song og musikksolistar, passeleg lang, heimekoseleg og akkurat slik ein førejulskonsert skal være.  Som vanleg ved slike høve har eg kamera med for å forevige det som skjer, og for å dele mine opplevingar med dei som har interesse av å kike innom bloggen min.  Her kjem nokre glimt frå konserten. 

 












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar